Sagaen om Sagene Puck

04.02.2021

- Alle er velkomne til Sagene Amfi

Tekst: Ole Trygve Foseide.
Foto: Tatt av ulike fotografer, som oppgis sammen med bildene.

Like ved Bakken Helse og Saga Trollheimen Hotell i Rindal finn vi ein komplett ishockeystadion med velpreparert is og skikkeleg vant rundt. Alle er velkomne til Sagene Amfi både til hockey og annan leik på blank is.


Rindal er først og fremst ei skibygd, men kvar haust hender det at det blir skeiseis på vatna rundt i bygda. Da kan dei bli flittig brukt til skeisrenning. Impulsar utafrå førte til både kamp om rundetider på rundbane og ishockey med sjølspikka køller. Det var særleg Igltjønna som vart bruka, for den var nær for mange.

Banemannskapa rydder snø. (Foto: Birger Bakken).
Banemannskapa rydder snø. (Foto: Birger Bakken).

Enkelte vart så ivrige på denne aktiviteten at dei vart skuffa når snøen kom. Dei våga ikkje rydde banar på Igltjønna med traktor, så dei fann først ei ekre der det hadde lagt seg is.

Ane Marie Dahlen, Romund Korshamn Bakken, Tore Løset, Roy Bolme og Jan Nergård (Foto: Birger Bakken).
Ane Marie Dahlen, Romund Korshamn Bakken, Tore Løset, Roy Bolme og Jan Nergård (Foto: Birger Bakken).

Midt på 80-talet rydda Birger Bakken ei flate ved vegen på Nygården i Sagagrenda. Han jobba i Bulldosarlaget/Rindal Maskin, som også heldt til i Sagagrenda, og kunne låne med seg heim maskiner. Birger var nok av dei ivrigaste og kan reknast som far til denne aktiviteten. Om det at han hadde to søner som var aktive på isen var årsaka eller resultat av iveren, seier ikkje Birger noko om.

Birger Bakken (i oransje) mottek pokal på vegne av Sagene Puck etter Sagene Winter Classic i 2019 (Foto: Eli Solvik)
Birger Bakken (i oransje) mottek pokal på vegne av Sagene Puck etter Sagene Winter Classic i 2019 (Foto: Eli Solvik)

Slik vart det skikkeleg bane i Sagagrenda, og det var ishockey som vart favorittsporten for mange. Sagene Amfi vart namnet på banen, og laget vart Sagene Puck, godt namn med både nasjonal og lokal klang. Ingen er i tvil om kva aktivitet dei driv med.

Og aktivitet var det!

- Det var turneringar mellom lokale grendalag kvar vinter, fortel Birger Bakken. Deltakarlistene viser at det var god aldersspreiing på dei som var aktive på Sagene Amfi. Fleire av dei yngste finn vi att på banen i dag også både på isen og som dugnadsdeltakarar!

Foto: Biger Bakken
Foto: Biger Bakken

Først hadde banen berre ein snøkant som vant, før det vart ei fjøl rundt banen slik at pucken returnerte. Alt først på 90-talet vart det reist skikkeleg vant i tre rundt banen. I for vart dette erstatta av nærmast profesjonelt vant i glasfiber.

Foto: Bjørn Løset
Foto: Bjørn Løset

All utandørs aktivitet er veravhengig, og ein isbane treng kuldegrader. Aktiviteten på isen held folk varm, men likevel er det godt å ha ei varmestøggu. Sagene Puck var heldig og arva kioskbygget som Televerket hadde ved Holtbrua. Det står no ved Sagene Amfi.

Det eldste vi finn om Sagene Puck på Trollheimsporten, er eit arkivdykk av Willy Karlstrøm! Klikk på bildet under for å lese saka.

Ein periode var det fleire unge herifrå som deltok på ishockeylaget til idrettslaget Leik på Hølonda. Da var det trening og kampar alle helger, og også enkelte kvardagskveldar. Foreldra kjørte på skift.

Sesongen vi er inne i no har Sagene Amfi vore open for bruk og trening frå først på desember. Det er mange år sidan det har vore så lang periode med open bane her. Både temperatur og snømengde har vore perfekt for å halde banen i topp stand, og det har vore stor aktivitet.

På grunn av koronaen har det ikkje vore kampar eller turneringar denne sesongen, men ein får satse på betre tider, meiner Eirik Tørset, som er nestledar i Sagene Puck.

- I vinter har 10-15 stykke i 12-15-årsalderen møttest jamt på banen, seier han. 

- Det har vore ein enorm sesong når ein ser på verforholda, legg han til.

Odd Inge Kvernberg er ledar for Sagene Puck-Klubb.

- For min eigen del har hockey og Sagene Puck-Klubb vore ein del av livet mitt kvar vinter sidan 10-års alderen, fortel Odd Inge Kvernberg, så det begynner å bli nokre år.

Det heile starta som uskuldig leik saman med kameratar på same alder. Etter kvart som åra har gått og konkurranseinstinktet har vokse, har det no vorte ein hobby på ramme alvor både for Odd Inge og mange andre både i Rindal og Surnadal.

- Det er siger som gjeld når eg saman med Oldboyslaget reiser rundt på turneringar.

Oldboys er eit namn som dekker lagsmedlemar frå slutten av 20-åra til midten av 50. Dei har ei flink dame på laget også, så kanskje Oldboysnavnet må fornyast!?

Med andre ord, på Sagene Amfi møtes ein fin gjeng der alle har ei felles stor glede: å få spele hockey! Det gjer dei 3 dagar i veka, og -20 grader held dei ikkje heime.

Laget har dei siste åra spelt turneringar med 4.-divisjonsreglar og nivå.

- Vi har møtt lag frå Verdal i Nord, til Idda Hockey i Sør, vi har deltatt på turneringar i Bjugn-hallen, ishallar i Trondheim, banen til Leik på Hølonda, arrangert turneringer på heimebane, ishallen i Kristiansund og utebanen til Lalm i Gudbrandsdalen, lister Kvernberg opp.

- Den turneringa som sit best i minnet er da vi reiste til Kristiansand på april 2018 og spelte mot lag frå Sør-Norge og Danmark, i ein kjempeflott og ny ishall, med eigen garderobe med lagnamn på døra. Da følte vi oss som proffar!

No håper Sagene Puck-Klubb at pandemien er under kontroll til neste vinter, for da skal dei på nytt arrangere turnering under namnet Rindal Winter Classic, slik dei gjorde i 2019.

Lagbilde-galleri:

Etter fleire år med roleg aktivitet av den yngre garde har hockeylaget i år sett ein bra auke. 

- Det er berre positivt, seier Kvernberg. 

- Det tykkjer vi er så bra, og viss det er noko meir vi kan gjere for å legge tilrette for ungdommen, så er det berre å komme med tips.

Det er ei kjent sak at aktivitet skaper aktivitet, legg han til.

Sagene Puck-Klubb vart stifta 31.12.1987, og primus motor den gongen var Birger Bakken. Den 11.12.2017 vart laget registrert som eit Idrettslag/klubb i Brønnøysund, etablerte eit styre og fekk muligheit til å drive klubben litt meir etter dagens norm.

Sagene Puck er heilt sjølvstendig og har eigen økonomi, der klubbinntektene går til vedlikehald og drift av banen.

All drifta er basert på dugnad og eigeninnsats.

- Her må eg trekke fram Bjørn Løset, banemeisteren, seier Odd Inge Kvernberg. 

- Han har vore unik, stått på for å holde isen snøfri, og vatna når det trongs.

Pausetilbud. Foto: Sagene Puck via Eirik Tørset
Pausetilbud. Foto: Sagene Puck via Eirik Tørset

Sagene Amfi har jamt over fin is og ein bra bane som eignar seg for alle som ønsker å gå på skeiser, og ikkje berre spele hockey.

Sofie Nervik Nergård, 4 år prøver skøyter for første gang. Foto Marte Nervik Nergård
Sofie Nervik Nergård, 4 år prøver skøyter for første gang. Foto Marte Nervik Nergård

- Alle er velkomne, understrekar Kvernberg. 

- Så vil eg på vegne av styret og alle medlemmene nytte anledninga her til å rette ein stor takk til grunneigar Bård Bakken og alle sponsorane som bidreg med sitt for at vi kan halde på med det som vi tykkjer er artigast.

Fleire bilder frå Sagene Amfi: